top of page
2020.09.27-5.jpg

ANBEFALTE TURAR

Hjørundfjorden – den store runda

​Tidsbruk: ca. 3 timar

Bli med på ei storslått rundreise gjennom heile Hjørundfjorden – ein av dei vakraste og mest urørte fjordane i Noreg. På denne turen får du oppleve alt fjorden har å by på: idylliske bygder, mektige fossar, bratte tindar og levande kulturlandskap.

 

Vi går innom bygdene Sæbø, Standal, Molaupen, Trandal, Leknes, Øye, Viddal og Bjørke – alle med si eiga historie og sjarm.

 

Høgdepunkt:

  • Molaupen – ei lita og fredeleg bygd inst i fjorden, omgitt av høge fjell.

  • Trandal – kjend for Trandal Bluesfestival og eit levande kulturliv midt i fjordlandskapet.

  • Hotell Union Øye – det ærverdige hotellet frå 1891 som har husa både kongar og eventyrarar.

  • Sætrefossen – ein vakker og mektig foss som kastar seg ned fjellsida.

  • Skår – ei fråflytta fjellbygd utan vegsamband, rik på historie og omgitt av dramatisk natur.

 

Dette er turen for deg som vil oppleve heile Hjørundfjorden i eitt – ekte, storslått og uforgløymeleg.

storrunde
litenrunde

Hjørundfjorden – den vesle runda

​Tidsbruk: ca. 2 timar

Ei kortare, men like vakker reise inst i Hjørundfjorden. Her kjem du tett på naturen og får oppleve ro, historie og spektakulære omgjevnader.

 

Du siglar forbi små bygder og grøne lier, under bratte tindar og langs fossar som stuper rett i fjorden.

 

Høgdepunkt:

  • Hotell Union Øye – eit historisk landemerke i idylliske Norangsdalen.

  • Finnes – ei lita grend med vakker plassering ved fjorden.

  • Sætrefossen – eit imponerande syn, særleg når snøen smeltar.

  • Skår – den veglause bygda med sterk kulturarv.

 

Perfekt for deg som vil ha ei stemningsfull fjordoppleving på kortare tid.

2019.11.09-6.jpg

Pub til pub i Hjørundfjorden

Tidsbruk: 3–4 timar

Bli med på ei smakfull rundreise mellom dei sjønære bygdene Sæbø, Skår, Urke og Trandal. Det desse små bygdene har til felles? Fantastisk utsikt – og kvar si unike puboppleving.

Her kan du nyte lokal mat, god drikke og ekte sunnmørsk gjestfridom. Kvar stad har sitt særpreg – frå tradisjonelle rettar til moderne smakar.

Dette er turen for deg som vil kombinere fjordlandskap i verdsklasse med ein sosial og gastronomisk oppleving.

pubtilpub

Bjørke – inst i fjorden

Tidsbruk: ca. 1,5 time

Ei vakker reise til indre del av Hjørundfjorden, omgitt av dramatiske fjell og rik historie.

Undervegs passerer vi:

  • Skår

  • Minnestaden etter Otholatragedien

  • Finnes

  • Sætrefossen

  • Bjørke – ei bygd med sterke tradisjonar og storslått natur

  • Viddal

  • Gallesteinane

Dette er ein tur fylt av natur, lokalhistorie og stilla som berre finst inst i ein fjord.

bjørke
2020.09.27-10.jpg

Norangsfjorden – fjorden i fjorden

​Norangsfjorden er ein arm av Hjørundfjorden og blir ofte omtalt som ein av dei trongaste og mest dramatiske fjordane i landet. Her stig fjella rett opp frå fjorden.

Du får utsikt mot kjende tindar som:

  • Saksa

  • Urkeegga

  • Slogen – ein av dei mest ikoniske toppane i Sunnmørsalpane

  • Stålberghornet

 

Vi passerer bygdene Urke og Øye, samt Stennes, omgitt av grøne lier og bratte fjellsider.

 

Dette er turen for deg som vil oppleve det mest spektakulære fjordlandskapet på nært hald.

norangsfjorden

Ålesund – jugendbyen ved havet

Skal du på fotballkamp? Handletur? Jonsokfeiring? Konsert i Sunnmørshallen? Eller berre ta ei roleg byvandring? Vi køyrer deg trygt til og frå Ålesund.

 

Ålesund er kjend som ein av Noregs vakraste byar, bygd i jugendstil etter bybrannen i 1904. Byen ligg ytterst mot havet, med utsikt mot både storhavet og Sunnmørsalpane. Her finn du spennande arkitektur, gode restaurantar, sjarmerande gater og flotte utsiktspunkt som Aksla.

 

Ei perle som må opplevast når du er i området.

ålesund
bottom of page