top of page

SKREDDERSYDDE OPPLEVINGAR

Vi legg til rette for bryllaup, jobbfestar, utdrikningslag og veneturar i spektakulære omgjevnader i Hjørundfjorden. Alle opplegg kan kombinerast med enkel og smakfull catering om bord – frå smørbrød og fingermat til kaker og kaffi. Nyt god mat og drikke medan de opplever fjorden

– vi ordnar resten.

Bryllaup – jobbfest – vennegjeng?

​Hjørundfjorden er den perfekte staden å samle gode vener, familie eller kollegaer. Midt i hjartet av Sunnmørsalpane er du omgitt av majestetiske tindar, djupe fjordar og levande, men skjerma bygder fulle av historie og sjarm.

Her kan de feire bryllaup, jubileum, jobbfest eller berre livet sjølv – i ei ramme som tek pusten frå dei fleste.

 

Turen kan planleggast som:

  • Ein rein båttur med mat og drikke om bord

  • Ei rundreise med stopp på eitt eller fleire idylliske fjordstader

  • Ein kombinasjon av aktivitetar, matopplevingar og sosialt samvær

Vi skreddarsyr opplegget etter ønskje.

Eit minnerikt utdrikningslag

Eit godt utdrikningslag bør innehalde aktivitetar, god mat og drikke – og ikkje minst mykje latter og samvær.

Eit populært opplegg på Sæbø kan til dømes vere:

  • Paintball

  • Fjordsauna

  • Grilling i Kapteinkvia

  • Fjordtur frå pub til pub

Vi kan også leggje til ekstra aktivitetar for dei som ønskjer det – som utlån av øks og kasteknivar i trygge rammer.

Her får de ein dag fylt med både adrenalin og gode minner.

Sykkel og segling

Opplev Hjørundfjorden frå både land og sjø. Vi leiger ut syklar og kjem gjerne med gode turtips.

 

Vi set av og hentar passasjerar med sykkel på ulike stader i fjorden, slik at de kan sykle i eitt strekk utan å måtte tilbake same veg.

 

Forslag til sykkelturar:

 

Leknes – Øye – Lyngstølvatnet – Stennes/Urke
Ei variert rute med både fjordutsikt og historiske spor.

 

Finnes – Viddal
Ei roleg og naturskjønn strekning i indre del av fjorden.

 

Bondalen – Sæbø – Holen – Sæbø
Gamle, idylliske landevegar gjennom kulturlandskap og levande bygdemiljø.

 

Ekstremrute: Sæbø – Bondalseidet – Follestaddalen – Standal
Retur med båt frå Standal til Sæbø. Ei krevjande, men spektakulær oppleving.

Fjelltur og segling

Vil du kombinere fjord og fjell? Vi fraktar deg trygt til startpunktet – og hentar deg når turen er ferdig.

Lette turar

 

Skårasætra
Båttur til Skår og kort fjelltur til Skårasætra. Fantastisk utsikt over fjorden i alle retningar.

Vikefjellet – Bjørke
Vakker båttur til Bjørke, deretter ein lett tur til gapahuken på Vikefjellet med panoramautsikt.

Molaupen – Strandabøen
Vandring mellom to gamle, fråflytta fjordgardar. Her går du i historiske spor gjennom eit unikt kulturlandskap.

Medium krevjande turar

Finnes – Viddal
Ei flott fjelloppleving i storslått natur.

Saksa – Urkeegga – Slogen
Tre av dei mest kjende toppane i Sunnmørsalpane, med ulik vanskegrad. Vi set av og hentar ved foten av fjella.

Utfordrande turar

 

Maradalen
Ein spektakulær dal med vatn høgt oppe under Sunnmørsalpane. Ei skjult perle mange ikkje kjenner til. Herfrå kan ein krysse Breifonnhornet og kome ned att til Urke.

 

Stålberghornet – ekstremt
Vi set deg av ved Gallesteinane midt i Hjørundfjorden. Her startar turen mot det mektige Stålberghornet. Dette krev erfaring med bratt og krevjande terreng.

Båtutleige – småbåtar

Vil du utforske fjorden på eiga hand?

Vi leiger ut to Øien-båtar:

  • 30 hk

  • 40 hk

Perfekt for fisketur eller ein roleg fjordtur i eige tempo.

Ta kontakt på telefon +47 481 79 245.

bottom of page